onsdag 25. mars 2009

Rusomsorg i fokus!

Meir enn nokon gong står utforminga av velferdstenestene våre på den politiske dagsorden. Dette er bra og viktig! For Arbeidarpartiet er dette blant dei aller viktigaste sakene våre. Vi er ikkje likegyldige til korleis skule- og barnehagetilbodet skal vere. Vi er heller ikkje likegyldige til korleis eldreomsorga, helse- og sjukehustilbodet er utforma.

Men noko av det som er lett å miste av synet i denne samanhengen er kampen mot rusmisbruket. Dette er blant dei største samfunnsutfordringane i dag, og er ikkje berre eit storbyutfordring, men like mykje ei distriktsutfordring. Difor er eg veldig glad for at dette temaet får ein sentral plass i Arbeidarparti sitt nye program. Fokuset framover må vere retta både mot narkotika og alkohol. Ruspolitikken må innehalde tiltak der både førebygging, akutt-tiltak og ettervern står sentralt.

Har du eit rusproblem meiner mange at det er ei privatsak. Det er det ikkje. Det er også eit problem både for familien, vener, arbeidskollegaer og samfunnet. Det er viktig at dei som bryt foten eller armen, får hjelp på dagen. Dei med rusproblem må i verste fall må vente i månadsvis, og slik vil vi ikkje ha det. Dette er uverdig.

Det er flott at det nye programmet til Arbeidarpartiet vektlegg nye tiltak mot rusmisbruk. Oppfølging frå første dag er svært viktig. Vidare er det naudsynt med ei differensiert behandling der dei ulike rusproblema får skreddarsydde tilbod. Spesielt i forhold til diagnosar som omhandlar både rus og psykiske problem er dette naudsynt.

Men skal samfunnet lykkast i kampen mot rusmisbruket så er det ikkje nok at Arbeidarpartiet har gode programformuleringar. Det trengst også merksemd og entusiasme frå oss alle. Alle kommunar må setje temaet på dagsorden og utarbeide rusmiddelpolitiske handlingsplanar.