tirsdag 5. januar 2010

AP ønskjer auka fokus på høgare utdanning og forsking

Det er i dag relativt stor semje mellom dei politiske partia i synet på storleiken og innretninga på pengebruken innan høgare utdanning og forsking. Det er ein kvalitet og ein ubetinga styrke i utviklinga av Norge som kunnskapsnasjon.

Arbeidarpartiet og Regjeringa har store ambisjonar og forventningar til utdannings- og forskingspolitikken vår. Det er knytt til det faktum at skal vi kunne løyse alle dei store utfordringane våre, både nasjonalt og globalt, ja då finn vi faktisk svaret nettopp i utdannings- og forskingspolitikken.

Men når det er sagt så må eg få lov å peika på at dette er inga ny situasjon for oss i Arbeidarpartiet. Arbeidarrørsla er tufta på to grunnleggande og tidlause behov, nemeleg retten til velferd og retten til utdanning. Dette går som ein tydleg raud tråd gjennom den 160 år lange historia vår heilt frå Marcus Thrane danna den første sosialdemokratiske foreninga.

Difor ser me ikkje på den store veksten i studenttilgangen som noko problem. Tvert imot! Dette er ein aldeles fantastisk moglegheit. Dette er studentar som me meir enn gjerne tar imot med opne armar.

Dette gjev oss ein stor moglegheit til å bryte det historiske mønsteret med at det i alt for stor grad er borna til foreldre med høgare utdanning som søker seg til universiteta og høgskulane våre. Arbeidarpartiet vil ikkje vere med på å stenga nokon ute frå høgare utdanning. Kunnskapstilgangen må ikkje avgrensast til kun eliten.

Men sjølv om det ønskjeleg at fleire ungdommar tar høgare utdanning, så er det betimeleg med litt nøkternheit i bruk av tal.

Opposisjonen og enkelte media går seg bokstavleg talt bort i studentmassen. Dei misser oversikta og slår nærmast bombastisk fast at veksten dei neste fire åra blir på formidable 80000 nye studentar.

Vel vel, det får stå for deira eiga rekning. Men om ein i tillegg til den demografiske framskrivinga legg til grunn ein vekst på 10% så endar ein opp med ca 33000 nye studentar i fireårsperioden.

Gjennom ein kombinasjon mellom oppretting av nye studieplassar, utnytting av ledig kapasitet og studiar i utlandet, skal alle studentane oppleve ei utdanning av høg internasjonal kvalitet. Eg er ògså trygg på at mange av dei minste høgskulane som til dømes Høgskulen i Sogn og Fjordane, vil få ei pen auke i studenttalet i framtida.

Forskingspolitikken er sjølve ryggraden i regjeringa sin politikk.

Forskingsinnsatsen er ein føresetnad og eit viktig verkemiddel for å møte dei globale utfordringane og for å vidareutvikle vårt eige velferdssamfunn. Det er ògså avgjerande i forhold til framtidig verdiskaping. Sjølv om Norge er eit lite land også i forskingssamanheng, så er forskingsresultata oppsiktsvekkande gode.

Det blir av opposisjonen nærmast påstått at forskinga i Norge går på sparebluss. Dette er langt frå sanninga. Realiteten er at alle måleparameter visar at resultata innan forskinga er svært god og er i klar framgang. Eksempelvis ligg me nå an til å nå målsettinga om 1% av BNP til forsking i 2010.

Men sjølv om resultata for sektoren er gode og auken i løyvingane på 1,7 mrd er historiske og rekordhøge, så er det ting å ta tak i. Observasjonar og tilbakemeldingar frå sektoren tyder på at handlefridommen og moglegheita til å ivareta sjølvstendige forskingsmessige prioriteringar opplevest krevjande.

Opposisjonen sin medisin er veldig sedvanleg. Deira mantra er som vanleg; meir peng, meir peng! Til det er det å sei, at det er jo alle for. Det er faktisk den lettaste sak i verden å løyve meir pengar, og dei fleste blir veldig glad for det. Men det løyser ikkje utfordringane, og det er heller ikkje det dette handlar om. Det er ikkje slik at ein har ubegrensa med pengar.

Skal me også i framtida kunne oppnå gode resultat i forskinga så me må nok løfte blikket litt og spørje oss: Er det slik at ein med fordel kan ta ein gjennomgang av organiseringa og forskingsleiinga i sektoren for å sjå om det er for mange fragmenterte og sprikande fagmiljø?
Kan det vere slik at utdanninga ved institusjonane i for stor grad køyrer parallelle kurs og bind opp forskingskrefter til utdanningsoppgåver?
Og kan vere hensiktsmessig å gjere noko med rekrutteringa og karieremoglegheitene i sektoren?

Eg vil her og nå ikkje gje noko svar på desse spørsmåla men invitere til ein konstruktiv debatt om viktige vegval for forskinga og høgare utdanning i tida framover.