tirsdag 14. april 2009

Om vegaksjon i Hyen og det gode liv på landet.

I går hadde eg gleda av å delta på ein av desse entusiastiske og mobiliserande vegkonferansane som eg har opplevd ein del av før.
Denne gongen gjekk turen til Hyen i Gloppen kommune. Eg blir nok ein gong imponert av entusiasmen og mobiliseringsviljen som møter meg i det eg stig utav bilen.
Du ser det i blikket til ordføraren og leiaren i den lokale aksjonskomiteen og du kjenner det i det faste handtrykket når du blir helsa velkommen!
Men like imponerande er det når skuleungane som har fått fri nokre timar, smilande søke augekontakt med meg i håp om å kunne utveksle nokre ord. Ungar har alltid mykje på hjarta og dei er alltid ærlege. Dei har nok forstått at det er viktig med ein god og sikker veg, men dei er minst like oppteken den nye sykkelen sin og kor gode dei er til skyte mål på fotballbana.

Det var ein fin overgang for meg til det som faktisk var hovudtemaet for vegkonferansen: Opprusting av R615 Storebru-Sandane...og så kjem det: Det gode liv på landet!
Det fortel meg at desse entusiastiske folka i Hyen verdset og har fokus på dei viktigaste ting i livet, det å ha eit godt liv. All honør til dei for det!!

Det minner meg om det nok ein gong er viktig å ha minst to tankar i hovudet samtidig. Kva skal vi med gode velferdstenester, gode barnehagar, gode skular, gode kulturtilbod og gode eldretenester viss ein ikkje har ein god og sikker veg så ein faktisk ògså kan ha eit arbeid å gå til.
Og omvendt; Kva skal vi med ein god og sikker veg viss resten av velferdstenestene er fråverande. Korleis går det med Hyen og resten av Sogn og Fjordane då..?
Her er me faktisk ved kjerna i dei politiske skilelinjene i Norge i dag.
Kor mange vegdebattar har eg ikkje vore i der dei to høgrepartia har hammra laust om at det offentlege si oppgåve er kun å bygge gode vegar..! Ja då vil alle problem bli løst.

Her må eg berre skrika ut til Åge Starheim og Lødemel'n i Frp og H ; Ikkje kutt i landbruksstøtta og ikkje privatiser velferdstenestene våre for å finansiere skatteletta til dei aller rikaste..!!
Korleis skal det gå med Hyen og Sogn og Fjordane viss landbruksstøtta forsvinn og dei gode offentlege velferdstenesten kun blir private handelsaktivitetar..?
Det handlar om det som er kjenneteiknet til nokre av dei beste kvalitetane ved den norske samfunnsmodellen.
Desse kvalitetane er gode og moderne føredøme for store deler av Europa som i desse dagar er på leit etter ein ny måte å organisere samfunnet på.
Tusen takk til bygdafolket i Hyen, de er gode føredøme for oss alle.
Det er dette eg vil kjempe for i valkampen og når eg kjem på Stortinget!