onsdag 21. oktober 2009

Trontaledebatten

Debatten om trontalen, bør vera debatten om dei lange linjene i samfunnsutviklinga. Ja, me snakkar om regjeringa sin fireårsplan. Og den inngår som ein naturleg del av ein landsiktig politisk kurs som er tydleg på viktige prinsippielle vegval. For Ap er det her heilt sentralt at me sikrar ei finansiering av velferdsgodene våre, fellesgodene, på ein måte som opprettheld legimiteten og betalingsviljen i befolkninga.

Då er det avgjerande viktig at offentlege velferdsgoder av høg kvalitet er noko som kjem dei breide folkelag til gode. Og då ikkje berre som nødtiltak for dei som ikkje har råd til private løysingar som høgrepartiene legg opp til. Denne samfunnsretninga har veljarane nok ein gang gjennom valet slutta seg til, herr president. Det er ei formidabel tillitserklæring til den norske velferdsmodellen som er særdeles framtidsretta.

I ei tid då Europa er på leit etter nye måtar å organisera samfunnet på, var det ein fornøyelse å høyre høgremannen, Eu-president Manuel Barosso skryte uhemma av den norske velferdsmodellen. ” La gå at det norske skattenivået kan vere noko høgt. Men når ein får SÅ mykje igjen i form av stor verdiskaping, høg sysselsetting, låg arbeidsløyse og gode gratis velferdstilbod til heile befolkningen, ja då er jammen prisen verdt!” sa han.

President…i ei tid med diskusjon om ein skal prioritere velferdsløysingar eller skattelette skulle eg inderleg håpe at også den norske høgresida såg desse kvalitetane. Me får berre håpe at undrenes tid ennå ikkje er over. I eit kort innlegg om dei lange prinsippielle politiske linjene er det naturleg nok ikkje plass til enkeltsaker, men eg må få nemna målet om sjukeheimsplass til alle eldre som treng det. Eg er overbevist om at i ettertid vil det stå som ein bauta når historia om velferdssamfunnet skal skrivast.

Avslutningsvis vil eg understreka at sidan eg kjem frå eit fylke og ein landsdel med stor eksportretta verdiskaping, må eg få lov til å minna oss alle om at den økonomiske handlefridomen til å gjennomføra tunge kostnadskrevjande tiltak vil vera avhengig av mellom anna oljeprisen, nivået på pensjonsutbetalingane og ikkje minst omsynet til den eksportretta industrien og sysselsettinga. Me kan ikkje lage ris til eigen bak ved å ha ein pengebruk som til sjuande og sist sender renta i taket og går utover arbeidsplassane våre.

Ja, president…det er rett at eg ser spesielt på Frp-representane når eg seier det slik.