søndag 14. juni 2009

Rot og hol i tannhelsetenesta.


Det er sjeldan at dårleg fungerande velferdstenester får så lite merksemd som tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. Det er svært kritikkverdig at det ikkje finst noko fungerande vaktordning for pasientane her. Det går ikkje lenge mellom kvar gang vi får høyre om pasientar som faktisk må ut av fylket for å få hjelp.
Men måten tenestene er organisert på er direkte skandaløst.
Medan det er heile seks ledige tannlegestillingar så veks ventetida. Det skandaløse er for så vidt ikkje knytt til dette. Men kvifor i all verda blir ikkje tannlegane brukt til det dei er utdanna til? Dei er faktisk utdanna til å reparere dårlege tenner og ikkje til bruke verdifull arbeidstid til å undersøke feilfrie tenner hjå ungdomen vår. Dette var sikkert nødvendig for 30-40 år sidan då ungdomen hadde mykje hol og problem med tennene.

Situasjonen i dag er ein heilt annan. Dessutan har vi ei mengd med topputdanna tannpleiarar som gjer ein glimrande jobb med førebyggande tiltak. Dei gjer denne jobben vel så godt som tannlegane våre. Men kvifor i all verda skal desse føsteklasses fagfolka måtte gå i deltidsstillingar og til og med i arbeidsløyse..? Det er dette som er skandaløst!

Kva er så grunn til dette? Har det noko å gjere med at fylket er inndelt i heile fire tannlegedistrikt med fire svært så sjølvstendige overtannlegar? I tillegg er vi også utrusta med ein eigen fylkestannlege! Makan til luksus!
Var det ikkje bedre å frigjere desse fagfolka frå administrative oppgåver og late dei få gjere det som dei er utdanna til? Nordland fylkeskommune klarar å styre dette med ein direktør, som ennotil ikkje er tannlegeutdanna .
Eg kan heller ikkje la vere å fokusere på lønnsystemet og bonusordninga til tannlegane. Er det slik at lønna til tannlegane er direkte knytt til kor mange pasientar dei har, med eller utan hol..?

Dette har vi i Ap bestemt oss for å kome til botnen i og vil rydde opp. Landsmøtet har også vedteke at tannhelsetenestene skal bli ein fullverdig del av dei offentlege helsetenestene. Det betyr at utgiftene skal betalast av staten. Det var på tide , seier eg! Og rotet i tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane skal vi rydde opp i sjølve!