tirsdag 14. desember 2010

Kvalitet i barnehagen

Kampen mot fråfallet i den vidaregåande skulen må starta i barnehagen. Det er mange grunnar til det, men eg vil understreka kor viktig det er at skulen og barnehagen no har felles verdigrunnlag. Det betyr at barnehagane har fått eit mykje tydlegare samfunnsmandat, samtidig som me slår fast at barnehagane skal vidareføra eit heilheitleg læringssyn, der leik og omsorg, læring og danning er fundamentet for barna sin allsidige utvikling.

Desse verdiane har vore, og skal vere, eit særtrekk ved den norske barnehagetradisjonen. Dette er kvalitetar som går som ein rød tråd i Soria Moria-erklæringa.

Eg må tilstå at eg blir både stolt og ikkje så lite audmjuk når eg besøker barnehagar som til dømes, Gamlestova barnehage på Hafslo, der mi dotter Anna Maria på langt over 3 ½ år går.

Eg opplever der eit sterkt engasjement frå personalet si side i forhold til jobben, eg opplever ein sterk lojalitet til rammeplan og ein entusiasme for barnehagen sitt samfunnsoppdrag.

Det har dei siste åra vore eit godt samspel mellom sentrale og lokale myndigheiter i forhold til å få på plass full barnehagedekning og retten til ein plass. Difor har eg også stor tiltru til at me skal kunne vidareutvikle barnehagen når det gjeld den kvalitetsmessige sida.

Den nye formålsparagrafen for barnehagen er mykje meir inkluderande og bygger på ein grunnleggande respekt for at me lever i eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn. Det betyr at me må praktisere felles verdiar som likeverd og solidaritet på tvers av ulike kulturar. Men skal me klara det så treng me fleire førskulelærarar og nok tilsette med barnefagleg og barnehagefagleg kunnskap.

For ei kort tid sida fekk eg gleda av å sjå korleis Sogn Regionråd gjennom eit nasjonalt nybrottsarbeid tar tak i kvalitetsutviklinga i barnehagane i sognakommunane. Saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nav og Utdanningsforbundet, tar kommunane ansvar for leiarutdanning av styrarane, dei assisterande styrarar, dei pedagogiske leiarane og leiarane på kommunenivå. Dei dannar faglege nettverk på regionnivå for å realisere dei sju fagområda i rammeplanen. Dei fokuserar på kreative barnehagar med fokus på nyskaping og entreprenørskap. Dette er gode eksempel på godt arbeid i kommunane!

Dette nybrottsarbeidet til Sogn Regionråd, der ein ser heilskapen i skule-og barnehagesektoren, vil i neste omgang bidra til å redusera fråfallet i vidaregåande skule.

torsdag 2. desember 2010

Høgresida si frislepp av privatskular

Siv Jensen (Frp) og Erna Solberg (H) seier i Dagbladet 25. november at dei er komne mykje nærmare kvarandre politisk. Kva betyr dette for skule-Norge?

Høgre si ideologiske fanesak er å opne for fleire privatskular. Det viste dei då dei sat i regjering sist. Under trontaledebatten på Stortinget innrøma også Solberg at ho gjerne ville sette igang det same privatskulefrisleppet som sist. Framstegspartiet er enig. Dei vil bruka 70 millioner ekstra i tilskot til private skular i sitt alternative budsjett i år, samtidig som dei kuttar i blant anna den offentlege grunnopplæringa.

I praksis betyr dette at Høgre og Framstegspartiet vil varig endra skule-Norge. Vi risikerar å gå frå ein god offentleg fellesskule med nokre få private supplement, til ein offentleg fellesskule med eit uoversiktleg tall privatskuleinnslag, også kommersielle.

Det vil svekka innholdet i fellesskulen fordi det vil tappa den for ressursar. Då vil dei som har råd til det, velge privatskular for sine born, og spiralen blir sjølvforsterkande. Over tid betyr det eit A-lag og eit B-lag i skulen.

Noko av det første vi gjorde i regjeringskontora var å stoppa privatiseringspolitikken til høgrepartia. Vi sier nei til privatisering av skulen og ja til ein god offentleg felleskule for alle. Samtidig vil vi vere dei fremste kritikkarane av fellesskulen, for å fornye og forbedre den. Vi har høge ambisjonar på vegne av alle elevane i fellesskulen. Difor styrkar vi skulen med fleire timar og ei satsing på fleire og bedre lærarar. Med tidleg innsats og tett oppfølging vil vi at fleire elevar skal få meir utav skuletida si.

Tor Bremer og Hadia Tajik, Stortingsrepresentantar (Ap), i Kyrke-, Utdannings- og forskingskomiteen