fredag 18. juni 2010

Ap vil ha nok helsepersonell med rett kunnskap.

Ei av dei store utfordringane for norsk helsevesen i eit 15-20 års perspektiv blir å utdanne nok helsepersonell med rett kompetanse. Statistisk sentralbyrå sin analysar tilseier eit behov på 95-135 000 nye helsearbeidarar i perioden fram til 2030.

Når eg startar slik så er det ikkje fordi at me er sørgjeleg på etterskot eller at det ser svært mørkt ut. Tvert imot. I dei to siste åra er talet på studieplassar ved sjukepleiarutdanninga auka med 800 plassar. Og eg er trygg på at dei auka ungdomskulla i tida framover også vil kome helsesektoren ytterlegare til gode.

Opposisjonspartia driv ei systematisk og repeterande svartmåling av norsk helsevesen. Dagleg kan me høyra om kor langt forfallet på sjukehusa og i helsesektoren er komne. Eg vil sei det slik at det er lite kledeleg for folkevalte som har tatt mål av seg til sitja i regjeringsposisjon. Det er dessutan riv ruskande feil, og det er ikkje minst urettferdig i forhold til alle dei dyktige fagfolka som kvar dag gjer ein kjempejobb for sjuke og pleietrengande menneskje. Det einaste opposisjonen oppnår med dette er å snakke ned tilliten til helsevesenet vårt.

Behovet på over 100 000 årsverk er stipulert til å utgjere heile 44% av all ledig arbeidskraft. Dette høyrest urovekkande mykje ut, men etter mitt syn så må det sjåast i samanheng med ei forventa og naudsynt innovasjon og teknologiutvikling i både privat og offentleg sektor. Industrien vår vil av mange grunnar måtte ta i bruk ny teknologi i staden for arbeidskraft som då i større grad kan settast inn i offentleg velferdsproduksjon.

Innføring av samhandlingsreforma med stor fokus på det helseførebyggande arbeidet og auken av eldre og livstilssjukdomar vil krevje ei full gjennomgang av helseutdanningane. På same måte som lærarutdanninga har fått si gjennomgang, må også helseutdanningane få ei full gjennomgang og i større grad tilpassast framtida sine behov.

Det ser ut til at sjukepleiarutdanninga er i rute i den nære framtid. Men det blir ei utfordring å få legane ut i landet der folk bur. Det er dessverre ikkje alltid prioritet nummer ein hos dei nyutdanna legane. Det synast meir stas å vere spesialist på eit stort sentralt sjukehus.
Det blir difor ei politisk utfordring i å lykkast med ei god geografisk spreiing av spesielt legetilbodet, og det er naudsynt med ei full gjennomgang og fornying av helse- og sosialutdanningane.

Desse utfordringane vil me i Ap i lag med dei tillitsvalde i helsesektoren ta tak i med stor entusiasme.