søndag 28. mars 2010

Norsk forskning og høgare utdanning må være i europeisk eliteserie.

Norge som kunnskapsnasjon må vere i europeisk eliteserie innan høgare utdanning og forsking.

Kvifor er det nødvendig å vere tydleg på det perspektivet?

Jau, det er basert på forventningar om at ikkje berre nåverande, men også framtidig norsk offentleg velferdsproduksjon skal vere den fremste i verda både når det gjeld kvalitet og tilgjengelegheit for alle.

Dei forventningane er, og skal vere, ambisiøse.

Dette kobla til det faktum at norsk økonomi, som er svært petroleumsbasert og som med all sannsynlegheit vil holde eit høgt kostnadsnivå i oversiktleg framtid, tilseier at vi må vere i europisk toppsjikt i høgare utdanning og forsking.

Dersom me slår oss til ro og tenker som så at me har då så mykje peng i dette landet at det er ikkje så farleg om me senker litt på krava til kvalitet i skulen, slik som Høgre ivrar for i yrkesutdaninga, eller om me i all bedagelegheit synst at det er ok at utdaninga og forskinga ligg på middels nivå i forhold til resten av Europa, ja då er det stor fare for at det går utover innovasjonsevna i næringslivet, sysselsettinga, verdiskapinga og i neste omgang kvaliteten på dei offentlege velferdstenestene.

Det er dette som må vere perspektivet når me diskuterar denne saka.

Skal også framtidige generasjonar oppleve at petroleumsinntektene er med å sikre velferdssamfunnet så må dei forvaltast på ein måte som ikkje påføre oss den hollandske sjuka. Kva skal me for eks med førsteklasses vegar viss pengebruken har radert ut industrien vår og dermed mykje av den framtidige verdiskapinga?

St. meld nr. 44 “Utdanningslinja” og St. meld nr 30 ”Klima for forsking”, synleggjer på ein god måte både kvifor det er avgjerande viktig med eit høgt internasjonalt nivå på høgare utdanning og forskinga, og kva utfordringar vi står framføre for å nå dette målet.

Ap og regjeringa har tatt eit prisverdig oppgjer med høgresida sin næringsnøytrale næringspolitikk. Regjeringa sin næringspolitikk er tydleg innretta mot dei næringane og dei næringsklyngene der Norge i global samanheng har openbare fortrinn.

Eg vil her minna om Torgeir Reve som heilt korrekt har påpeikar at vi innanfor -maritim/marin sektor -energi -petroleum -fiskeri/ havbruk -reiseliv - og for eigen del legga til, lettmetal, har internasjonale næringsklynger som ligg heilt i front.

I motsetnad til høgresida meinar vi i Ap at dette er områder der vi må ha ein ekstra stor fokus. Desse næringsklyngene har større innovasjon, sterkare vekst, høgare produktivitet, og for oss som er opptatt av arbeidarrørsla, så er det hyggeleg å påpeike at her finn vi også ei høgare gjennomsnittleg lønn hos dei tilsette.

Skal me lykkast med denne næringspolitikken, så må også den næringsretta utdanings- og forskingspolitikken ha ei ei tydleg kobling mot dette perspektivet. Delar av den forskinga som føregår i næringslivet er allereie i global eliteserie.

Eg vil her spesielt nemne Hydro sin forskingsavdeling i Årdal som ligg heilt i front når det gjeld både forsking og i neste omgang produksjon av miljøvenleg teknologi til aluminiumsindustrien. Her er Norge verdsleiande. På same måte må det regionale utviklingsarbeidet gå som hånd i hanske med forskinga.

Min konklusjon er at me har gode moglegheiter for å kunne hevde oss blant dei fremste i europeisk perspektiv, men då må me i større grad konsentrere oss om dei områdene der me har eit fortrinn. Og me har gode moglegheiter til å lykkast fordi det hyggeleg er at 90% av alle forskarar som har levd, ja dei lever i dag.

Kunnskap og ikkje minst, læreevne er nå langt viktigare enn kapital, lønnsnivå og naturressursar for eit land sin verdiskaping og konkuranseevne. Kunnskap er med andre ord det viktigaste verktøyet for å skape eit bedre samfunn.

Då er eg tilbake til der eg starta. Norsk forsking og kunnskapsproduksjon må så absolutt spela i europeisk eliteserie.

tirsdag 9. mars 2010

Kvalitet og struktur i høgare utdanning.

Debatten som Stjernø-utvalet starta om ein ny struktur i høgare utdanning har ikkje stoppa . Det vil seie, vi opplever at sektoren no sjølv går frå ord til handling. Det vitnar om at ein ikkje berre tar konsekvensen av dei store utfordringane men også dei spennande moglegheitene som byr seg.

Eg trur at timingen og rettningen på dei prosessane som går er god. Dei bere preg av at utdanningsinstitusjonane møter stigane forventningar. Kravet til internasjonal kvalitet i undervisninga og forskinga blir stadig sterkare.

Det er bra. Vi kan faktisk ikkje tillate oss at Norge som kunnskapsnasjon kun er middelmådig på dette området. Det er av ulike grunnar god grunn til å tru at det norske kostnadsnivået kjem til å ligge høgt i lang tid framover. Difor må vi ikkje sakke akterut når det gjeld kvaliteten på undervisninga og forskinga. Vi må vere i forkant.

Norge har i dag ein godt utbygd struktur av universitet og høgskular som på ein vellykka måte har sikra alle deler av landet tilgang til høgare utdanning. Men denne strukturen opplevest av mange til å vere under press. Nokre studiestader har svak rekruttering av studentar og evalueringar har påvist sviktande kvalitet i fleire sentrale utdanningar. Dette er naturlegvis urovekkande.

Mange av dei prosessane vi nå er vitne til er eit resultat av denne utviklinga. I Ap ønskjer vi difor dette velkomen. Det er viktig at institusjonane, gjerne i samspell med nasjonale myndigheiter, finn dei løysingane som på ein best mogleg måte balanserar omsynet til fremjing av kvalitet i undervisninga og forskinga med fortsatt tilgangen til høgare utdanning i heile landet.

Det er også slik at meir og meir av forskinga er basert på eit internasjonalt samarbeid. Det er utelukkand positivt men kan vere utfordrande og til dels vanskeleg å meistre for dei minste institusjonane og dei svakaste faglege miljøa. Men det er grunn til å tru at mange institusjonar gjennom ei nødvendig oppgåvefordeling og spissing av tilbodet vil kunne utfylle kvarandre på ein økonomisk og rasjonell måte og slik møte desse utfordringane på ein god måte. Dette vil også gjere dei meir attraktive både når det gjeld tilgangen på studentar og ikkje minst tilgangen på høgkvalifiserte fagfolk, noko som er ei stor utfordring for mange institusjonar.

Ei slik spissing av tilbodet på spesielt dei små studiestadene, vil kunne styrke det faglege miljøet og blir meir attraktive for personar med til dømes doktorgradsutdanning.

I framtida vil institusjonane innan høgare utdanning bli heilt sentrale kryssningspunkt i den regionale utviklinga. Dette kjem tydleg til uttrykk gjennom aukande forventningar til høgskulane om å bidra til utviklinga av regionalt og lokalt næringsliv samt offentleg sektor. Den regionale utviklinga må i framtida bli enno tydlegare på at den er forsking- og kunnskapsbasert. Men desse forventningane blir vanskeleg å imøtekomme utan ein høgare kompetanse enn kva mange av dei minste miljøa har i dag. Difor er det nausynt, også av denne grunn, med ei spesialisering og spissing av tilboda.

Etter Høgskulereforma i 1994 har den geografiske strukturen på studiestadene vore tilnærma fastfrosen. Dei pågåande samtalane som har som siktemål tettare samarbeid, oppgåvefordeling og i nokre tilfelle samanslåing, er difor naturlege.