tirsdag 9. mars 2010

Kvalitet og struktur i høgare utdanning.

Debatten som Stjernø-utvalet starta om ein ny struktur i høgare utdanning har ikkje stoppa . Det vil seie, vi opplever at sektoren no sjølv går frå ord til handling. Det vitnar om at ein ikkje berre tar konsekvensen av dei store utfordringane men også dei spennande moglegheitene som byr seg.

Eg trur at timingen og rettningen på dei prosessane som går er god. Dei bere preg av at utdanningsinstitusjonane møter stigane forventningar. Kravet til internasjonal kvalitet i undervisninga og forskinga blir stadig sterkare.

Det er bra. Vi kan faktisk ikkje tillate oss at Norge som kunnskapsnasjon kun er middelmådig på dette området. Det er av ulike grunnar god grunn til å tru at det norske kostnadsnivået kjem til å ligge høgt i lang tid framover. Difor må vi ikkje sakke akterut når det gjeld kvaliteten på undervisninga og forskinga. Vi må vere i forkant.

Norge har i dag ein godt utbygd struktur av universitet og høgskular som på ein vellykka måte har sikra alle deler av landet tilgang til høgare utdanning. Men denne strukturen opplevest av mange til å vere under press. Nokre studiestader har svak rekruttering av studentar og evalueringar har påvist sviktande kvalitet i fleire sentrale utdanningar. Dette er naturlegvis urovekkande.

Mange av dei prosessane vi nå er vitne til er eit resultat av denne utviklinga. I Ap ønskjer vi difor dette velkomen. Det er viktig at institusjonane, gjerne i samspell med nasjonale myndigheiter, finn dei løysingane som på ein best mogleg måte balanserar omsynet til fremjing av kvalitet i undervisninga og forskinga med fortsatt tilgangen til høgare utdanning i heile landet.

Det er også slik at meir og meir av forskinga er basert på eit internasjonalt samarbeid. Det er utelukkand positivt men kan vere utfordrande og til dels vanskeleg å meistre for dei minste institusjonane og dei svakaste faglege miljøa. Men det er grunn til å tru at mange institusjonar gjennom ei nødvendig oppgåvefordeling og spissing av tilbodet vil kunne utfylle kvarandre på ein økonomisk og rasjonell måte og slik møte desse utfordringane på ein god måte. Dette vil også gjere dei meir attraktive både når det gjeld tilgangen på studentar og ikkje minst tilgangen på høgkvalifiserte fagfolk, noko som er ei stor utfordring for mange institusjonar.

Ei slik spissing av tilbodet på spesielt dei små studiestadene, vil kunne styrke det faglege miljøet og blir meir attraktive for personar med til dømes doktorgradsutdanning.

I framtida vil institusjonane innan høgare utdanning bli heilt sentrale kryssningspunkt i den regionale utviklinga. Dette kjem tydleg til uttrykk gjennom aukande forventningar til høgskulane om å bidra til utviklinga av regionalt og lokalt næringsliv samt offentleg sektor. Den regionale utviklinga må i framtida bli enno tydlegare på at den er forsking- og kunnskapsbasert. Men desse forventningane blir vanskeleg å imøtekomme utan ein høgare kompetanse enn kva mange av dei minste miljøa har i dag. Difor er det nausynt, også av denne grunn, med ei spesialisering og spissing av tilboda.

Etter Høgskulereforma i 1994 har den geografiske strukturen på studiestadene vore tilnærma fastfrosen. Dei pågåande samtalane som har som siktemål tettare samarbeid, oppgåvefordeling og i nokre tilfelle samanslåing, er difor naturlege.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar