tirsdag 14. desember 2010

Kvalitet i barnehagen

Kampen mot fråfallet i den vidaregåande skulen må starta i barnehagen. Det er mange grunnar til det, men eg vil understreka kor viktig det er at skulen og barnehagen no har felles verdigrunnlag. Det betyr at barnehagane har fått eit mykje tydlegare samfunnsmandat, samtidig som me slår fast at barnehagane skal vidareføra eit heilheitleg læringssyn, der leik og omsorg, læring og danning er fundamentet for barna sin allsidige utvikling.

Desse verdiane har vore, og skal vere, eit særtrekk ved den norske barnehagetradisjonen. Dette er kvalitetar som går som ein rød tråd i Soria Moria-erklæringa.

Eg må tilstå at eg blir både stolt og ikkje så lite audmjuk når eg besøker barnehagar som til dømes, Gamlestova barnehage på Hafslo, der mi dotter Anna Maria på langt over 3 ½ år går.

Eg opplever der eit sterkt engasjement frå personalet si side i forhold til jobben, eg opplever ein sterk lojalitet til rammeplan og ein entusiasme for barnehagen sitt samfunnsoppdrag.

Det har dei siste åra vore eit godt samspel mellom sentrale og lokale myndigheiter i forhold til å få på plass full barnehagedekning og retten til ein plass. Difor har eg også stor tiltru til at me skal kunne vidareutvikle barnehagen når det gjeld den kvalitetsmessige sida.

Den nye formålsparagrafen for barnehagen er mykje meir inkluderande og bygger på ein grunnleggande respekt for at me lever i eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn. Det betyr at me må praktisere felles verdiar som likeverd og solidaritet på tvers av ulike kulturar. Men skal me klara det så treng me fleire førskulelærarar og nok tilsette med barnefagleg og barnehagefagleg kunnskap.

For ei kort tid sida fekk eg gleda av å sjå korleis Sogn Regionråd gjennom eit nasjonalt nybrottsarbeid tar tak i kvalitetsutviklinga i barnehagane i sognakommunane. Saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nav og Utdanningsforbundet, tar kommunane ansvar for leiarutdanning av styrarane, dei assisterande styrarar, dei pedagogiske leiarane og leiarane på kommunenivå. Dei dannar faglege nettverk på regionnivå for å realisere dei sju fagområda i rammeplanen. Dei fokuserar på kreative barnehagar med fokus på nyskaping og entreprenørskap. Dette er gode eksempel på godt arbeid i kommunane!

Dette nybrottsarbeidet til Sogn Regionråd, der ein ser heilskapen i skule-og barnehagesektoren, vil i neste omgang bidra til å redusera fråfallet i vidaregåande skule.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar