torsdag 21. oktober 2010

Tida for kommunesamanslåingar er overmoden.

Mange av dei minste kommunane klarar ikkje lenger å levera gode nok tenester til innbyggarane. Det er særleg innanfor opplæring og helse at det står for dårleg til.

Telemarksforsking har sett på 6 kommunesamanslåingar og resultata er positive. Det er difor grunnlag for å sei at innbyggarane i mange småkommunar kan få eit bedre tilbod ved at gå i lag med nabokommunane. Dette må Ap ta tak i. Eg tvilar på at ein kjem så mykje lenger med frivillig samanslåing. Dette må difor Stortinget sette på dagsorden.

Konklusjon frå Telemarksforsking si undersøking frå 6 kommunesamanslåingar:

“Utredningen har hatt hovedfokus på å kartlegge og vurdere erfaringer og konsekvenser av kommunesammenslutningene i forhold til kommunens rolle som demokratisk arena, kommunen som leverandør av velferdstjenester, kommunen som myndighetsorgan og kommunen som samfunnsutvikler. Samlet sett synes fordelene å være større enn ulempene. Erfaringene og resultatene viser klart at kommunene har blitt mer robuste og handlekraftige i forhold til å møte framtidige utfordringer knyttet til tjenesteproduksjon og i forhold til nærings- og samfunnsutvikling”.

1 kommentar:

  1. Tida er sikkert moden for kommunesamanslåing einkelte stadar.
    Men når slike samanslåingar skal vurderast er det eit moment som må vegtleggast og som ikkje er mykje med i den generelle debatten, geografi.
    Det finns mange kommunar og områder i landet som er så spredt befolka at kommunane rett og slett blir for geografisk store for å fungere optimalt. Om ein tek utgangspunkt i din eigen kommune, Luster, vil ein ikkje oppnå noko på felta skule og helse med ein samanslåing. No har det seg slik at småskulane i Luster skårar minst like godt på nasjonale prøvar som dei større, men uansett vil reiseavstandane bli så store ved sentralisering av undervisninga i Luster at det åleine vil vere så negativt at det oppvegar allt ein kan finne av positive element.
    Me har i dag 3 sjukeheimar, fyrst og fremst historisk betinga. Om kommunen ikkje gjev eit godt nok tilbod på det feltet kan det ordnast innanfor noverande skulegrenser.
    Poenget mitt er fyrst og fremst at der folk bur grisgrendt er ikkje kommunesamanslåing løysinga på noko som helst. Det som er utfordringar her er reiseavstandar til tilboda og ikkje mangel på tilbod. Reiseavstandane blir ikkje kortare ved samanslåing, dei blir lengre til ein del av tenestene.
    Ein del av dei kommunale tenestene kan ordnast med interkommunalt samarbeide. Det er gjort i Luster - Sogndal området med godt resultat. Det einaste negative med slike ordningar er moteutsagnet "mangel på demokratisk styring" som i praksis er overdrive etter mitt syn.
    De må gjerne fortsette arbeidet med å få til samanslåing av gode kandidatar, men hald dykk unna dei som ikkje eignar seg sjølv om dei ikkje har meir enn vel 5000 innbyggarar.

    SvarSlett